OM OSS

GAMLE SKRIVARGARDEN

Om oss

Vi har kjøpt Gamle Skrivargarden i Volda og bur her med borna vår Balder og Brage og hunden vår Fender. Vi har lydstudio og atelier på loftet, og i storsalen i første etasje vil vi ha ulike kulturarrangement og utleige til eventar for firma og private.

Karen Rosenberg Olsen er klassisk songerinne og songpedagog med mastergrad frå Barratt Due Musikkinstitutt, Norges Musikkhøgskole og The Royal Scottish Academy of Music and Drama. Ho har i tillegg undervist yoga og meditasjon i ti år. I Volda er ho no også engasjert som songpedagog ved Høgskulen i Volda, Volda VGS og Volda Kulturskule.


Egil Olsen er turnérande plateartist, har eige lydstudio og plateselskap. Han har også gjort seg bemerka med både kunst og illustrasjonar, samt filmarbeid. Han har vore festspelkunstnar på Dei Nynorske Festspela, mottatt Ørsta Kommune sin kulturpris, stått på dei største scenene og festivalane i landet, og gitt ut ti album.

Om Gamle Skrivargarden


Soga om Gamle Skrivargarden starta i 1816 då presteenkja Else Kanutte Meldal busette seg her. Huset var samansett av to hus som ho flytte frå Prestegarden «mot almuens vilje.» Det eine huset vart kalla «Skulen».  Det andre huset var halvparten av «Strømslåna». Å finne ut av alderen på desse husa er vanskeleg, men dei eldste delane antek ein for å vere fra midten av 1700-talet. Den andre halva av dette huset flytta Eivind, son hennar, til Leikong. Presteenkja fekk ikkje mykje glede av huset sitt på Rotset. « Hun fikk sin døds-svaghet saasnart hun flyttede derind og nogle uker derefter døydde hun», heiter det i Tidsregisteret av R.J.Vassbotn.

I 1823, vert garden skøytt over til Kaptein Johan Anton Rummelhof (1789 – 1854). Ved den nye hærordninga i 1818 vart han tilsett ved Nordfjords nasjonale musketer-korps og hadde i 1823 Volda kompani. Rummelhof flytta vidare til Bergen i 1844, og byd ut husvære til sorenskrivar Bernt Kristian Anker Torstenson.

Sorenskrivarane

Sorenskrivar Torstenson kjøpte bruket for 1250 spesiedaler og selde bruket  vidare til staten for 2300 spesiedalar. Bruket var no offentleg skrivargard. I 1845 vart han utnemd som sorenskrivar til Søre Sunnmøre.  Til ekstra kontorplass i Skrivargarden vart det no sett opp eit ekstra hus. Då skrivaren flytte hit hadde han med ein kontorist , sakførar Svendsen , som var gift med Fredrikke Blickfeldt. Dette var besteforeldra til den seinare kjende voldakvinna Sigfrid Widsteen. Torstenson sat som sorenskrivar i Volda fram til 1861.

Vidare vart Nils Fredrik Severin Tambs (1814-1885) utnemd til sorenskrivar i Søre Sunnmøre i 1861 og flytte no inn i Skrivargarden. Tambs hadde mange interesser. Eit av dei store prosjekta var å arrangere eit stort fesjå i Volda, våren 1864. Det vart utstilt 20 hestar, 70 kyr og 20 sauer. Tambs var ein av sorenskrivarane som verkeleg sette spor etter seg i Volda.

Peter Carlsen Paaske fødd (1821-1905) blei ny sorenskrivar i Volda i 1874, men berre etter eit år flytta han til Ørlandet og fortsette som sorenskrivar der.

Hans Andreas Strand (1817-1894) var sakførar i Moss og praktiserte der til han vart tilsett som sorenskrivar i Volda, og flytte hit i 1875. Ein av lærlingane på skrivarkontoret i 1877 var Anders Hovden, som fekk seg arbeid her etter lærarskuleeksamen.

Ei kjend historie frå Strand si tid i Skrivargarden, som Lars Tunheim har skrive om i Voldaminne frå 1991, er om systra til skrivaren, som var komen til skrivargarden i 1888 etter ei noko uvanleg hending. Skrivar Strand eigde ein stor gard på Elverum. Denne var pakta bort og systra skulle bu der og ha tilsyn med garden og drifta. Det hadde ikkje gått slik som skrivar Strand meinte var rett , slik at han på vårparten 1888 reiste  til Elverum for å inspisere. Her kom det fram at systra  hadde hatt eit kjærleiksforhold til paktaren, som var ein gift mann med fire born. Forholdet til paktaren hadde ført til at systra hadde mist styringa på gardsdrifta. Dette kunne ikkje skrivar Strand finne seg i. Han jaga paktaren frå garden, tilsette ny paktar og tok med seg systra til Volda der ho nærast var halden i husarrest. På etterjulsvinteren i 1890 kom der bod frå Elverum at paktaren hadde hengt seg. Då dette kom  systra for øyre vart ho skrantete og sjuk. I mai vart ho sengjeliggande og døydde. Då ho låg på likstrå i Skrivargarden meinte folk at mystiske ting hende, noko som førde til at tjenestejentene heller ville bu i løda. Etter gravferda delte sorenskrivaren ut systra sine eignelutar til trengande folk i Volda. Soga vil ha det til at fleire hadde «sett» skivarsystra, og fleire av dei som fekk desse eignelutane døydde etter kort tid. Skrivar Strand vart sjølv sjukeleg og døydde på sotteseng i 1894. Han kom soleis ikkje heim til odelsgarden sin på Elverum slik han hadde tenkt. Han vart gravlagd på kyrkjegarden i Volda. Der ligg dei side om side, bror og syster, som laga slike bylgjer i folkefantasien og skapte slik uhyggelig stemmning på Rotset.

Christopher Benedict Bøgh var sakførar, og seinare politifullmektig i Bergen. Han var politimeister i Skien frå 1882 og sorenskrivar i Volda frå 1884. Han gav ut bøkene  «Tingreiser for 40 år siden» og «Nogle erindringer av en gammel sorenskriver».

Anton Wilhelm Carl Koren er den siste sorenskrivaren i skrivargarden på Rotset. Han vart tilsett som sorenskrivar i Volda i 1901. Ein av dei verkelege kjende som vitja sorenskrivar Koren i skrivargarden på Rotset, var forfattaren Alexander Kielland som var amtmann i Møre og Romsdal. “Krumsvik-Laura” som var kokke i skrivargarden diska opp med “et velsmakende måltid basert på ferske fiskeslag fra Voldens dype fjord”.

Då den nye skrivargarden Sollyst i Skjerva vart teken i bruk i 1905 flytte huslyden dit. Dei syntes so synd på «skrivar-merra som skulle drage rundt på dinnja store mannji». Etter sorenskrivarkontoret blei flytta til Skjerva, fekk huset på folkemunne nemninga Gamle Skrivargarden. Ei nemning som har vore nytta heilt fram til våre dagar.

Familien Eidset

Med nye reglar ved omorganisering av embetsverket i 1905, vart fleire gamle skrivargardar og prestegardar lagt ut for salg. Kong Haakon den 7 sette si underskrift på skøytet til Abel Eidset som kjøpte Gamle Skrivargarden i 1905 for Kr 13 000,-

Etter giftarmål med Martha Vassbotn, budde dei ei tid i Ristegarden til det meste var klart til innflytting i Gamle Skrivargarden. Det var mykje som måtte vølast på garden, og fleire av husa som vart nytta som kontor og anna husvære, vart no selde og flytta. Eit av desse husa vart flytta ned til sjøen og nytta som bustad av systrene Schelderup, eit anna vart flytt bort til Elvadalen som stove for Olavius, den kjende knivsmeden.


I 1906 vart Olav fødd. Olav vart tilsett som gymnastikklærar ved Volda Landsgymnas. Som dugande turninstruktør på fritida i Volda Turn og Idrottslag, fekk han høve til å møte mange ungdomar og jamaldringar som delte dei same interessene. Der traff han si framtidige kone, Martha “Mirsti” Ramberg fra Steinkjer.


Mirsti og Olav gifter seg 1935 og flytter inn i Gamle Skrivargarden, der foreldra til Olav framleis bur. Olav får skøyte på garden i 1938 og døtrene Sissel (1938) og Astri (1943) kjem til.

9. april 1940 går tyske fly og sjøstridskrefter til åtak på Danmark og Norge. Olav var i god kontakt med mange ungdomar som hadde teke klare standpunkt til kva side dei ville kjempe for. Dei første agentane frå kompani Linge, Karl Johan Årsether og Åsmund Wisløff kom frå Shetland til Sunnmøre i september 1941 for å hjelpe til med å organisere ein militær motstandsorganisasjon. Olav var med på å organisere våpentrening saman med agentane i Harpedalen. Agentane overnatta i Gamle Skrivargarden og lagra våpen der før voldingen Ola Krumsvik skyssa dei ut til Oksebåsen der dei seinare vart plukka opp av ein av Shetlandsbåtane.


Det var fleire agentbesøk i Gamle Skrivargarden etter dette. Natta til 16. august 1943 vart Olav arrestert av Wehrmacht, og saman med 611 andre offiserar vart han transportert vidare til fangenskap i Polen / Tyskland med fangeskipet Isar. 7–8 mai 1945 kapitulerar Tyskland , og Olav samans med andre offiserar vart frakta ut frå Schildberg med dei kvite bussane og heim til Volda der livet so smått kan starte opp under normale tilhøve. I 1947 døyr Abel. Martha døyr i 1966.


I 1968 gifter yngste datter Astri seg med Leif Hogne Rygh. Dei får dottera Anne Marte i 1973 og i 1979 vert det bestemt at dei tek over og flyttar til Gamle Skrivargarden. Gamle Skrivargarden vert no både galleri og arbeidsstad for Astri. Som kunstnar er Astri kansje mest kjend for idékonseptet «Tellus Egg» som og vart nytta under OL opninga av Vinterleikane på Lillehammer i 1994. Tusenårstaden i Volda – gamle Uppheimplassen – har  «Tellus egget» utstillt i parken.

Med Leif Hogne Rygh si store interesse for jazz, har fleire store internasjonale og nasjonale jazzstjerner både vitja, budd og spelt i Gamle Skrivargarden. Stjerner som Pepper Adams, Warne Marsh, Chet Baker, Karin Krogh, Bjarne Nerem, Ole Jakob Hansen, Bjørn Johansen og mange andre har vore på innsteg her.


Astri og Leif Hogne nytta Gamle Skrivargarden delvis som selskapslokale, galleri og atelier.

I 2011 flytta dei til Stavanger og selde dei huset vidare til Kjell Fure, som nytta huset som fritidsbolig, studenthyblar og lager.


2020
No har musikerparet Egil Olsen og Karen Rosenberg Olsen kjøpt huset, og flyttar inn med borna Balder og Brage, og hunden Fender. Etter fjorten år i Oslo og på Nesodden, har dei flytta heim til Sunnmøre og ser fram til å fylle Gamle Skrivargarden med både livet, musikken og kunsten.


Karen er utdanna klassisk songerinne og songpedagog med mastergrad frå Barratt Due Musikkinstitutt, Norges Musikkhøgskole og The Royal Scottish Academy of Music and Drama. Ho har lang erfaring som sopran, og har i tillegg undervist yoga og meditasjon i ti år. I Volda er ho no også engasjert som songpedagog ved Høgskulen i Volda, Volda VGS og Volda Kulturskule.


Egil er turnérande plateartist, har eige lydstudio og plateselskap. Han har også gjort seg bemerka med både kunst og illustrasjonar, samt filmarbeid. Han har vore festspelkunstnar på Dei Nynorske Festspela, mottatt Ørsta Kommune sin kulturpris, stått på dei største scenene og festivalane i landet og gitt ut ti album.


Gamle Skrivargarden vil no bli nytta til konsertar, arrangement og utleige i første etasje, heim i andre etasje og lydstudio og atelier på loftet.


Takk til Leif Hogne Rygh som har samla tekst og materiale til historia om Gamle Skrivargarden.

GAMLE SKRIVARGARDEN
20©20